OfLUG: Åpent møte om fri programvare i Halden

Østfold Linux User Group, OfLUG, arrangerer foredrag om fri programvare. Foredragshaldar er utviklingsleder for privat sektor, Martin Bekkelund, frå Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare.

Martin Bekkelund vil mellom anna snakke om prinsippa bak fri programvare, korleis ein kan dra nytte av delingskulturen innan fri programvare, og korleis ein sjølv kan ta fri programvare i bruk. Foredraget vil vere særs relevant for bedrifter, men alle som er nysgjerrige på kva fri programvare går ut på vil ha utbytte av å komme.

Eksempel på kjent fri programvare er nettlesaren Firefox, epostlesaren Thunderbird, kontorpakken OpenOffice, databasane PostgreSQL og MySQL samt webserveren Apache.

Foredraget vil bli heldt i lokala til Høgskolen i Østfold på Remmen i Halden tysdag 17. mars klokka 18:00. Det vert skilta frå hovudinngangen. Foredraget er gratis og ope for absolutt alle.

Etter foredraget vil det bli eit sosialt arrangement der alle som ønsker det kan bli med ut for ein matbit og samtale. Ein lyt sjølv betale for det ein velger å bestille.

Tid: Tysdag 17. mars 2009 kl. 18.00
Stad: Høgskolen i Østfold, Remmen, Halden

Valg for kommentarvisning

Velg din foretrukket måte å vise kommentarer på og klikk på "Lagre innstillinger" for å aktivere endringene.

prizma

Takk for informasjonen.
Dette virker interessangt.

Mvh. Vemund

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Siste kommentarer