Epost gjennom git

Som eg har nemnt tidlegare, men som eg ikkje er sikker på at folk har fått med seg, eller vil få med seg, køyrer eg eposten min gjennom git+ssh for å synkronisera epost over fleire datamaskinar.

I dag trudde eg at eg hadde mista ein viktig epost. Det fine med git er at alle epostar som på eit eller anna tidspunkt har vore registrert i git vil vera mogleg å gjenopprette på eit seinare tidspunkt. Så lenge det ikkje vert for mykje spam er dette heilt greitt.

Vert det for mykje spam, er det mogleg å slette desse filane frå historia, men det har eg aldri gjort og eg håpar eg aldri treng gjera dette.

Uansett, tilbake til eposten eg trudde eg hadde mista. Eg søkte i tittel, men fann ikkje riktig epost.

Eg søkte på internett og fann kommandoen git log -p. Den står i manualen, men eg tenkte eg kunne søkje først, og fann denne kommandoen rimeleg kjapt.

Det git log -p gjer, er at eg får sjå alle patchene som nokon sinne har vorte brukt i git-historia. Patch som inkluderer nye filar eller endrar namn/status på gamle. Flytt fil frå maildir/new til maildir/cur gjev ein patch. Marker fil som lest gjev ein patch. Det er sjølvsagt mogleg å lesa fleire filar i ein patch, eller flytte fleire filar i ein patch.

Sidan eg oppdaterer git automatisk med 15 minutt mellomrom dersom det er nye meldingar vert det ganske mange patcher. I tillegg oppdaterer eg når eg les eller skriv epost. Når eg heller ikkje har teke meg tid til å generere god automatisk commit-message har eg få alternativ til søk gjennom heile meldinga.

Det eg gjer er at eg skriv git log -p|less Då overstyrer eg val av pager sidan den eg liker best ikkje vil ha litt og litt data, men venta på at alt har kome. I less skriv eg "/" og eit søkjeord slik at eg kan søkje i alle meldingar som nokon gong har eksistert. Dette er uavhengig av om dei framleis finst eller ikkje.

Det tek noko lenger tid di lenger tid det er sidan eposten vart oppretta(eller lasta ned). Dette gjer at eg ikkje søkjer gjennom ei mappe pluss undermapper, men gjennom heile treet lenger og lenger tilbake i tid.

Det viste seg at eposten ikkje var sletta, men at eg berre hadde søkt i tittel, og ikkje i meldinga. Det er derimot fint å vita kva ein skal gjera dersom meldinga ein er ute etter ikkje eksisterer lenger utanfor git-historia.

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Siste kommentarer