I dag såg eg ein funksjon til paludis som har vore der ein stund, men som eg ikkje har teke meg bryet med å bruka i praksis.
Paludis er ein pakkehandsamar for gentoo(ebuild-pakkar) og exherbo(exheres-pakkar). Den er ein av tre moglege handsamarar på gentoo, og den einaste på exherbo. Dersom du ikkje likar gentoo fordi det for vanskeleg, for mykje arbeid, eller tek for lang tid trur eg exherbo er verre. Eg har ikkje tord prøva det sjølv endå, fordi eg vil setja av meir tid enn det eg har tilgjengeleg no for å testa.
Denne pakkehandsamaren gjer det mogleg å kontrollere det meste av installasjons- og byggjeprosessen.
Eg kan, dersom eg vil, byggje med andre innstillingar for ein kategori, ein pakke, eller ein versjon av ein pakke. Til dømes kan eg gjera at programma vert optimalisert for i686 eller i386.
Eg kan laga eit nytt repository(overlay er portage-terminologi) der eg kopierer inn gcc og diverse andre system-bibliotek frå det vanlege treet. Dersom eg installerer pakkar derifrå, kan eg installere til chroot, og for 32bit sjølv om eg bruker 64bit til vanleg.
Det eg kom på i dag er derimot at eg kan leggja til patchar ved å endra oppførselen til pakkehandsamaren.
Eg kan, dersom eg finn ein patch til firefox eg vil prøva ut, leggja ein patch i $HOME/work/autopatch/www-client/mozilla-firefox/patch.patch og reinstallera firefox. Eg vert då ansvarleg for alle konsekvensane dette vil medføre sjølv. Derimot reknar eg med at dei som prøver denne funksjonen er klar over konsekvensane dersom ein ikkje er kritisk til å velje ut kva program og kva patchar ein vil forsøka.
PS: Det er ikkje mogleg å berre laga mappa og leggje patchen der. Ein må anten følgje den framgangsmåten her, eller skriva noka tilsvarande sjølv, som hook, eller gjera noka tilsvarande i /etc/paludis/bashrc.
Den fila kan gjera alt som ikkje endrar kalkuleringa av avhengigheiter. For dei som er kjend med gentoo, kan eg seia at C(XX)FLAGS, CHOST, og MAKEOPTS går her. Det er ikkje heilt make.conf, men det er det nærmaste ein kjem.
Dette er var sida som inspirerte meg, men eg har sett det tidlegare i epostliste og/eller i paludis-dokumentasjonen.
Siste kommentarer
1 uke 5 dager siden
1 uke 5 dager siden
1 uke 5 dager siden
1 uke 6 dager siden
2 uker 20 timer siden
2 uker 1 dag siden
2 uker 1 dag siden
2 uker 1 dag siden
2 uker 1 dag siden
2 uker 1 dag siden