Det er lurt å lesa feilmeldingar grundig

Då eg starta med KDE4 var det ein feil i akonadi-tenar-oppsettet som seinare vart retta. Sidan dette var feil på begge datamaskinene(ein x86, ein amd64) gjekk eg ut i frå at det var akonadi som var øydelagd per definisjon. Og det trur eg var sant første gongen eg køyrde akonadi på kvar av maskinane. Den eine i KDE 4.0(eller den første KDE-versjonen med akonadi) og den andre i 4.2.3 eller 4.2.4.

Heilt fram til no har akonadi nekta å starta på begge maskinene på grunn av denne feilen. Dersom eg hadde undersøkt grundigare ville eg funne ut at det var på grunn av ein feil i mysql-databasen, ikkje i akonadi i seg sjølv. Det var eit "mysql table" som ikkje eksisterte.

Løysinga var enkel: Eg fjerna ~/.local/share/akonadi og lét akonadictl laga databasen på nytt.

Eg går ut frå at det har vore løyst ein stund, men at eg ikkje var smart nok til å lesa feilmeldinga frå akonadictl grundig nok. Det var ikkje mogleg å finna problemet via systemoppsett->avansert->akonadi-oppsett->akonadi-tenaroppsett->status->test

Med dette er det siste problemet med KDE4 i forhold til KDE3 fjerna for meg. Det kan kanskje vera nokre små problem igjen som ikkje var i KDE3, men dei vert i så fall færre og færre. Eg gruer meg ikkje lenger til KDEPIM vert overført til akonadi.

Valg for kommentarvisning

Velg din foretrukket måte å vise kommentarer på og klikk på "Lagre innstillinger" for å aktivere endringene.

omaha

De er litt forsinket med portingen av KDEpim til Akonadi. Det var meningen at det skulle bli tilgjengelig i KDE SC 4.5, men kommer ikke før med KDE SC 4.5.1.

Akonadi kommer til å bli meget nyttig - blant annet vil KOLAB utnytte Akonadi og Gmail's adressebok kan også brukes.

Akonadi vil også gjøre det enklere å lage f.eks plasmoider og enkle applikasjoner som kan settes sammen på andre måter enn KDEpim.

Verdt å merke seg er det også at utviklingen av BasKet nå foregår i KDE 4 miljø. BasKet vil bli tilgjengelig via KDEpim og utnytte Akonadi og Nepomuk.

Hvor langt Nokia går med MeeGO er ikke godt å si, men de samarbeider med Koffice og KOLAB, så jeg tror ihvertfall at komboen MeeGO og KDEpim vil bli bra. Ser også dette i sammenheng med Owncloud.

josi

omaha, har du prøvd ut Owncloud? Kan du i isåfall si noe om hvordan det fungerer. Jeg er selv også interessert i Owncload, men har ikke kommet så langt at jeg har fått prøvd det ut. Har også tenkt at det kanskje ennå er litt tidlig.

omaha

Josi - Foreløpig tror jeg nok det er best egnet for de som bidrar aktivt til prosjektet, så jeg har ikke testet. Regner heller ikke med å titte nærmere på det før senhøstes.

Men med Google's, Twitter's, Facebook's (og de fleste lignende tjenester) åpenbare utfordringer mht personvern og informasjonsbeskyttelse regner jeg med at Owncloud og Diaspora vil få mye omtale det neste året.

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Siste kommentarer