Dersom nokon har ein betre ide til korleis ein installerer opensuse i chroot, kom gjerne med forslag.
No har det seg slik at eg ville prøve opensuse på nytt etter fire år på gentoo. Første steg var å installera i chroot. Eg er ikkje kjent nok i opensuse-miljøet til at eg er sikker på at eg velte den beste framgongsmåten, men eg trur eg velte den enklaste.
Første steg var å få tak i ein konto på Susestudio.com. Det var ikkje spesielt vanskeleg. Eg forklarte at eg ville installere opensuse utan å restarte maskina. Altså installasjon i chroot. Eg forklare også at eg kom frå gentoo og at eg likte "the gentoo way". Eg veit ikkje om forklaringa spelte nokon rolle, men før det var gått 24 timar hadde eg i alle fall ein konto.
Konfigurasjonen gjekk greitt. Det var litt lite enkel valfridom der etter mi smak, men sidan eg skulle tilpassa ho i chroot etterpå spelte det ingen stor rolle. Lite kunnskap om suse og/eller susestudio/kiwi kan godt vera årsaka til den manglande enkle fridommen.
Eg ber dei om å pakke eit diskbilete som eg kan laste ned og installere. Eg får om lag 20-30kbps i nedlasting og er nøgd med det all den tid eg er den einaste som har nytte av dette biletet. At dei er villig til å lagre ein 828MB fil for meg i ein heil veke er i grunnen ganske fantastisk i og med at den er spesialtilpassa meg og tenesta er gratis.
Neste gong trur eg heller eg går for kiwi, men det er meir å setja seg inn i. Eg har lagra kiwi-skriptet slik at eg eventuelt kan bruka dette som basis neste gong. Då slepp dei å setje saman, lagre og distribuere diskbiletet ut til meg. Eg vil ikkje utnytte gjestfridommen deira.
Fila er nede og eg pakkar ho ut med
tar xzf $file.oem.tar.gz
Deretter finn eg ut at diskbiletet faktisk er eit diskbilete og ikkje eit partisjonsbilete slik eg hadde førestelt meg. Då søkte eg på internett og kom fram til sida under.
http://darkdust.net/writings/diskimagesminihowto#The_dirty_way
Den gav meg ein smart kommando som løyste problema mine. Forslag til dokumentasjon, eller smartare måtar å gjera det på vert eg takksam for.
for ((i=0 ; $i < 10000 ; i=$i + 1)) ; do
mount -o loop,offset=$(($i * 512)) $file.raw mount && break
done
Eg lagar ei mappe i /mnt som eg kallar /mnt/opensuse og kopierer over innhaldet
cd mount
pax -r -w . /mnt/opensuse
Pax gjer at eg slepp hugsa ting som tar --same-owner --preserve-permissions og tilsvarande.
Eg monterer diverse ressurssar eg kan trenge når eg går inn i chroot og går inn.
mount -o bind /dev /mnt/opensuse/dev
mount -o bind /dev/pts /mnt/opensuse/dev/pts
mount -o bind /dev/shm /mnt/opensuse/dev/shm
mount -o bind /proc /mnt/opensuse/proc
mount -o bind /proc/bus/usb /mnt/opensuse/proc/bus/usb
mount -o bind /sys /mnt/opensuse/sys
mount -o bind /tmp /mnt/opensuse/tmp
cp /etc/resolv.conf /mnt/opensuse/etc/resolv.conf
cp -Ppf /etc/localtime /mnt/opensuse/etc/localtime
linux32 chroot /mnt/opensuse
Når eg er ferdig i chroot skriv eg desse kommandoane for å "logge meg ut".
umount /mnt/opensuse/dev/pts
umount /mnt/opensuse/dev/shm
umount /mnt/opensuse/dev
umount /mnt/opensuse/proc/bus/usb
umount /mnt/opensuse/proc
umount /mnt/opensuse/sys
umount /mnt/opensuse/tmp
Dette gjer at det vert mogleg å avmontere partisjonen opensuse ligg på.
Det er viktig å laga initrd på nytt(kanskje det er mogleg å klare seg utan?) sidan denne installasjonsmetoden gjer at Kiwi-oem klagar på manglande mbrid. Det er derimot enkelt med mkinitrd.
Eg har ikkje fått tid til å teste opensuse endå, men dersom verktøya er fleksible nok og raske nok i bruk kan opensuse overta plassen som servar. Gentoo er ikkje perfekt dersom ein har lyst til å oppgradere ein gong i månaden eller sjeldnare. Det er derimot ok dersom ein har lyst til å reinstallera. Reinstallasjon er noko eg helst vil unngå.
Oppgradering via zypper/yast ser betre ut for meg enn reinstallasjon av gentoo, debian eller andre distribusjonar eg har sett på. Installasjon i chroot er eit krav, så eg har ikkje fått sett på så veldig mange.
Debian er sjølvsagt eit alternativ, men dersom eg kan like ein distribusjon som er nokon lunde enkel vert det enklare å halda ved like datamaskinar til slekt og vener.
Dersom du har lest gjennom heile vil eg gjerne ha forslag til forbetringar av dette innlegget. Skulle eg vore meir eller mindre spesifikk for kva kommandoar eg brukte som eg bør oppgje? Ein stad skreiv eg "laga ein mappe". Ein annan stad skreiv eg "Pakka ut med tar xzf $file.oem.tar.gz." Har eg lagt lista for målgruppe for høgt eller for lågt eller begge delar?
Siste kommentarer
1 uke 3 dager siden
1 uke 3 dager siden
1 uke 3 dager siden
1 uke 4 dager siden
1 uke 5 dager siden
1 uke 6 dager siden
1 uke 6 dager siden
1 uke 6 dager siden
1 uke 6 dager siden
1 uke 6 dager siden