Du er fri til å senda eit lesarbrev med kommentar, men slik eg ser det er feilen rett og slett ligg i at han er politisk samtidig som han presenterer tekniske argument. Avisa er politisk og dei har vorte kritisert for "feil" politisk synspunkt tidlegare.
Eg meiner at mykje av det Peter Hidas skriv for så vidt er sant, men at ikkje alle premiss er klart definert. Eg meiner nokre premiss er feil, men også at enkelte dårlege premiss fører til ein heilt grei konklusjon. Eg vurderer desse fire sitata for verre utanfor samanheng enn i, men eg reagerte på det han sa eg også.
Eg meiner forresten at det er heilt greitt at ein jobbdatamaskin eigd og administrert av staten berre skal kunne køyre dei programma som er godkjende på førehand. Sjølv om artikkelen legg nokre dårlege premiss til grunn for kvifor det vert slik, meiner eg det er heilt ok dersom dei gjer alle partisjonar som dei tilsette har lov til å skriva til noexec(les
man mount)
Vidare meiner eg at denne diskusjonen berre har noka for seg for dei som har lese artikkelen i klassekampen.
EDIT: Etter å ha lese artikkelen ein gong til kjem eg fram til den konklusjonen at verken klassekampen eller journalisten som skreiv innlegget er eining med Hidas. Sjølvsagt kan eg ta feil, men dersom dei er einige vil eg i så fall påstå at dei prøvar å halda det i bakgrunnen.