VNC over SSH

(Huskelist for meg sjølv til seinare bruk)

Steg for å koble til mellom to Linux-maskinar (Ubuntu) med VNC over SSH

1. Skru på VNC på maskinen som skal styrast. System --> Preferences --> Remote Desktop
Sette passord (max 8 tegn) + om det skal spørrast om stadfesting frå brukaren

2. Installere openssh-server på maskinen som skal styrast.
sudo apt-get install openssh-server

3. Stille inn router med port forwarding viss det er aktuelt. Peike SSH-port til ønska intern ip.

4. Eventuelt endre på fila sshd_config (/etc/ssh/sshd_config)
- Endre port frå standard 22
- Sette ListenAddress for IP som server-maskinen forventes å ha (altså ikkje den eksterne)
- Endre PermitRootLogin til no
- Sette AllowUsers til den brukaren på maskinen som det skal kunne loggast inn som
*** Husk å starte sshd på ny med: sudo /etc/init.d/ssh restart ***

5. Frå klienten: Sette opp SSH-tunnel med kommandoen:
ssh -l brukarnavn -p portnummer -L 5901:127.0.0.1:5900 ip-adresse-til-server
(kan skrive localhost i staden for 127.0.0.1 men kan laga trøbbel i visse tilfelle)
(bruk 5901:x:5900 i staden for 5900:x:5900 viss den lokale maskinen køyrer vnc-server sjølv)

6. Starte eit nytt terminalvindu som lokal brukar! Koble til med VNC med kommandoen:
vncviewer localhost:1
(bruk localhost:0 viss 5900:x:5900 er brukt i steg 5)

---
Eventuelt kan steg 5-6 erstattast med å bruke vncviewer med via-opsjonen som automatisk lagar SSH-tunnel, men då må port 22 brukast som SSH-port på server-maskinen.
vncviewer -via brukarnavn@ip-adresse-til-server 127.0.0.1:0

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Siste kommentarer