ordbank

Oppslag i Norsk ordbank via Linux

Korleis bøyer me ordet «forum» på norsk? Heiter det «har sloss» eller «har slåss»? Er «fan» eit hankjønnsord eller eit hokjønnsord, eller er det kanskje valfritt? Bøying på norsk er ikkje alltid like lett! Heldigvis har me Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett, men oppføringane der er gjerne ikkje fullstendige nok til å vera til hjelp, med mindre me kjenner til alle forkortingane som vert brukte, og til alle dei ulike bøyingsreglane, for eksempel for samsvarsbøying av verb.

Løysinga er eit lite program som heiter Ordbanken, som gjev tilgang til orddatabasen til Norsk ordbank via kommandolinja i Linux og liknande system. Med dette er fullstendige bøyingar av alle orda på bokmål og nynorsk berre nokre tastetrykk unna.