ordlister

Oppslag i Norsk ordbank via Linux

Korleis bøyer me ordet «forum» på norsk? Heiter det «har sloss» eller «har slåss»? Er «fan» eit hankjønnsord eller eit hokjønnsord, eller er det kanskje valfritt? Bøying på norsk er ikkje alltid like lett! Heldigvis har me Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett, men oppføringane der er gjerne ikkje fullstendige nok til å vera til hjelp, med mindre me kjenner til alle forkortingane som vert brukte, og til alle dei ulike bøyingsreglane, for eksempel for samsvarsbøying av verb.

Løysinga er eit lite program som heiter Ordbanken, som gjev tilgang til orddatabasen til Norsk ordbank via kommandolinja i Linux og liknande system. Med dette er fullstendige bøyingar av alle orda på bokmål og nynorsk berre nokre tastetrykk unna.

Ny og forbedret utgave av norsk stavekontroll

Prosjektet spell-norwegian har gjeve ut ny versjon av dei norske ordlistene for dei frie stavekontrollane. Du kan lese full pressemelding her. 16 personar jobbar med å korrekturlese orda som er i ordlista i dag. Dei har så langt korrekturlese ca 10.000 ord. Heile orddatabasen består av ca 747.000 ord.