Slettet partisjonstabell HD - HJELP!

Alt som er relatert til nettverk og tjenester for nettverk, inklusive konfigurasjon av trådløse nettverk.

Slettet partisjonstabell HD - HJELP!

Innleggav msommernes » man 13.05.2013 12:42

Jeg har en maskin hvor jeg har installert Win7 på den ene SATA disken og skulle installere Ubuntu på den andre. Jeg klønet da jeg skulle velge disk og valgte clean install av Ubuntu på SATA disken med Win7. Det gitt max 3-4 sek før jeg rakk å trykke avbryt, men det var nok til at hele partisjonstabellen var borte og får ikke bootet inn i Windows.

Nå har jeg endelig fått installert Ubuntu på den andre SATA disken og systemet finner SATA disken hvor jeg hadde W7, men disken ser ut til å mangle partisjonering.

Er det noen som kan fortelle meg hva jeg evt kan gjøre?

Brukerens avatar
medlem i 183 måneder
 

Re: Slettet partisjonstabell HD - HJELP!

Innleggav QtanJ » man 13.05.2013 16:44

Det er ikkje lurt å slette partisjonstabellen, fordi det er litt komplisert å rekonstruere den. Dersom det berre er partisjonstabellen som er borte har du ein sjanse. Dersom ubuntu starta formatering til ext4(eller anna filsystem) så kan det vera mykje vanskelegare. Det tek kort tid å slette partisjonstabellen så eg er usikker på kva resultat du vil få.

Her skisserer eg i grove trekk nødvendige operasjonar, så det er berre å be om meir detaljerte råd ut frå den kunnskapen du har. Har du lyst på steg for steg-kommandoar i terminalen, eller er det bra nok med ein grov skisse? Litt usikker på om eg skriv for komplisert i dette innlegget, men eg vil heller skissere eit overblikk først og deretter laga steg-for-steg instruksjonar enn omvendt. Dersom du vil ha steg-for-steg instruksjon vil eg gjerne at du i alle fall les Nyttig informasjon og gjev meg den informasjonen eg ber om der.

Overblikk og generelle råd

Dersom du har ein ekstra harddisk, eller nok ledig plass på den andre kan det vera lurt å laga ein kopi av heile disken før du gjer noko som helst. Då kan du jobbe på kopien for å unngå tap av data. Ein slik kopi tek like stor plass som den totale kapasiteten av disken fordi sletta informasjon som ikkje er skrive over, informasjon om eventuelle filsystem og ledig plass også er med i kopien.

Det enklaste er å installere testdisk på ubuntu og køyre ein analyse for å sjå om den finn noko. Eg vil anbefala å ikkje gjera noko anna enn analyse dersom du ikkje er komfortabel med avanserte verktøy som potensielt kan gjera stor skade på viktige data. Dersom du er usikker kan du spørje her, og eventuelt ta bilete som du viser oss. Det er også viktig at du kan sjå skilnaden mellom diskane dine ut frå plassering, storleik, produktnr eller tilsvarande når du skal bestemme kva du vil gjera med disken.

Hadde du ein system-partisjon også? Dersom den var før windowspartisjonen trur eg sjansane for at windowspartisjonen er intakt er større enn dersom det berre var ein windowspartisjon. Det spelar ingen rolle om den var usynleg i windows eller ikkje, men det kan spela ei rolle om den låg før eller etter windowspartisjonen. På grunn av metoden som skal til for å rekonstruere partisjonstabellen kan det vera vanskeleg dersom den første partisjonen er øydelagd. Eg er usikker på kva metode testdisk brukar. Slike program kan til ein viss grad gjette kvar første partisjon startar og finne ut kor stor den er for å finne nr to, eller programmet kan søkje etter eit kjend filsystem. Det er uansett viktig å vite kvar den startar. Det er litt mindre viktig med kvar den sluttar så lenge den er stor nok.

Dersom analysen ikkje gjev resultat kan det vera at datafilene framleis er mogleg å gjennoppretta. Ved hjelp av photorec kan ein søkje gjennom disken og gjennomrette filer av mange ulike filtypar. Photorec dumper berre dei filtypane du har bedt den om, med rare filnamn, i ei mappe. Det er eit val den gjev deg kva filtypar den skal søkje etter. Den støtter berre filtypar den ber deg om. Den lagrer berre fila dersom den er lagra sekvensielt, altså samanhengande på disken. Dersom den er splitta opp kan det vera at ein får første del av fila, men ikkje heile, eller at fila ikkje vert oppdaga.

Nyttig informasjon
Dersom du har lyst på hjelp kan det vera lurt å opna ein terminal, skaffe root-rettar og skriva denne kommandoen
Kode: Merk alt
fdisk -l /dev/sd?


Dersom du er usikker på korleis du får root så pleier ubuntu å bruka sudo slik:
Kode: Merk alt
sudo fdisk -l /dev/sd?

Passordet den ber deg om er det du bruker for å logge inn på brukaren din på installasjonen din av ubuntu.
medlem i 209 måneder
 

Re: Slettet partisjonstabell HD - HJELP!

Innleggav Kjetil Kilhavn » tir 14.05.2013 14:00

msommernes skrev:..får ikke bootet inn i Windows.

Og hva var problemet 8-)

Brukerens avatar
medlem i 198 måneder
 

Re: Slettet partisjonstabell HD - HJELP!

Innleggav coyotito » man 17.06.2013 1:40

Fdisk eller gparted løser ikke dette.

Bruk testdisk. Dette programmet følger med Debian, Ubuntu (m.fl), er i repo.

Eller hvis man står der med en disk som ikke booter, kjør Universal Boot CD, UBCD eller Gparted Live CD. Testdisk er på disse.
medlem i 129 måneder
 


Returner til Nettverk / Sikkerhet



Hvem er i Forumene

Registrerte brukere: Google [Bot]