Hei.
VPN har eg ikkje så mykje greie på, men eg har benytta meg av SSH ganske mykje til å surfe kryptert med. Ein må ha open ein port i routeren for å kunne nytte det, men ellers er det ganske rett fram, om ein vil ha det enkelt.
Har du for eksempel Ubuntu installert (eller ein annan debian-basert distro) kan du installere ein ssh-server ved å køyre kommandoen
- Kode: Merk alt
sudo apt-get install openssh-server
Deretter vert ein SSH-server satt opp på maskina. Standard port er 22, men dette kan endrast i konfigurasjonsfila.
Forutsatt at portene er opna i routeren skal du då kunne kople til med ei anna maskin utanfor nettverket med kommandoen:
- Kode: Merk alt
ssh brukernavn@ipadresse -D 9999
"-D" er for å lage ein tunnel frå serveren til maskina du nytter og 9999 er porten som vert nytta til å kople til tunnelen. Portnr kan du velje sjølv. Denne porten må ikkje opnast i brannmuren/routeren, den er kun for internt bruk på maskina du benytter.
Om du har endra standardport ut frå serveren fra port 22 til f.eks port 324 kan du spesifisere det i kommandoen du nytter for å kople til ved å oppgi "-p 324", altså:
- Kode: Merk alt
ssh brukernavn@ipadresse -D 9999 -p 324
Dermed kan du starte f.eks firefox og velje --> Edit --> Preferences --> Advanced --> Network --> Settings --> Manual Proxy configuration.
Under SOCKS Host: skriver du inn "localhost" eller "127.0.0.1" og under port skriver du inn "9999" eller den porten du valde.
Når du no lagrer instillingene kan du prøve å besøke whatismyip og sjekke om IP-adressa er rett, eller om du ikkje får nett i det heile.
Merk deg at no er det berre firefox som får og nytter denne IP-en.
Om du vil ha det på heile maskina skal det gå an å setje i instillingane under "kontrollpanelet". I f.eks Ubuntu med gnome 3 søker eg etter "network" og får opp ein applikasjon med det namnet. Der kan eg velje "network proxy" og manuel metode og fylle inn same opplysningane som i firefox. Ver merksam på at det er ikkje alle program som nytter seg av desse instillingane då ikkje alle program støtter denne typen tunnel. Då er VPN eit betre alternativ. Nettlesarar, enkle chatteprogram, torrent, ... kan nytte SSH-tunnel.
Om nokre kan gi ei god bruksanvisning på korleis VPN kan setjast opp, er eg òg interessert i dette
Eg skriv gjerne noko uklart her no, så spør gjerne
edit. Ser at du bruker mac. Meiner at Mac òg kan koble til på same måten som f.eks linux med kommandoen
- Kode: Merk alt
ssh brukernavn@ipadresse -D 9999
. Det finst sikkert òg ein moglegheit for å setje slike "proxy"-instillingar ein stad. Firefox kan det nok iallefall
edit 2. Mogleg at routeren i seg sjølv kan fungere som ssh-server. Litt usikker på dette, men det bør vere mogleg å finne ut. Om den f.eks kan køyre dd-wrt så er det eit hav av moglegheiter.