Eg veit ikkje om du har løyst dette problemet eller ikkje, men for å konfigurere UEFI-boot så er det nødvendig å starte opp eit operativsystem i UEFI-modus. Enklaste måte å gjera det på er med livecd/livedvd som er aktivert for UEFI-boot i utgangspunktet. Det er fleire og fleire distribusjonar som lagar det klart. Likevel så kan ein installere oppstartslastar og laga EF00 EFI System Partition før ein startar opp i UEFI-modus. Sidan du har det frå før, så treng du ikkje laga ny, berre vita at det er på første partisjon. Det er berre efimootmgr som ikkje fungerer i MBR-modus. Det ser ikkje ut som om MBR-modus er aktuelt for deg med mindre du finn eit val i BIOS der du vel legacy eller MBR modus. Eg likar UEFI betre og trur det er det du har lyst å få til? Første partisjon i gif-fila er EF00 EFI System Partition og den er til oppstartslastaren. Nr 2 er
reservert for windows dersom MSR partisjon berre har ei tyding. Tipper windows 8 fungerer på same måte som windows 7 med tanke på den partisjonen. Nr 3 er windows sin. Det finst ingen partisjon for linux endå dersom eg ikkje tek feil. Windows 7 kan forminske si eiga partisjon når den køyrer(frå kontrollpanel->administrasjon->diskbehandling). Kanskje windows 8 kan det same? GPT har støtte for 128 primærpartisjonar så det er enklare enn msdos partisjonstabell på mange måtar.
EF00 - EFI System Partition er den partisjonen der ein lagrar dei programma UEFI skal starta opp. Det skal vera mogleg å bruka ein linux-kjerne med EFI-stub aktivert, men eg vil tilrå ein oppstartslastar fram til ein forstår UEFI ganske godt. Ein trur ein kan bruka efibootmgr for å laga meny for å velje mellom windows og linux, men grub burde også fungera greitt så lenge secure boot er av. Med secure boot på skal det vera mogleg då og, berre med anna oppstartslastar, eller bruk av efiboot, men det veit eg ikkje noko om. Trur det er ganske mange hakk vanskelegare. Eg køyrer grub2 i UEFI-modus. BIOSen min hadde inkludert støtte for EFI-shell så for meg var det berre å installere grubx64.efi til EF00-partisjonen med grub-install, starte opp EFI-shell og starte grub derifrå(grub hadde installert seg riktig med konfigurasjon og greier). Det er viktig å bruke 64-bit grub på 64bit UEFI. Litt usikker på om det er mogleg å starta 32bit kjerne frå 64bit grub. Det ser ut som det er mogleg å starta 32bit linux frå 64bit grub, men då får ein ikkje konfigurert efiboot med efibootmgr. Eg har gjerne montert den EF00-partisjonen under /boot/efi, men det er valfritt kvar ein monterer den. Så lenge ein ikkje skal oppdatere oppstartslastarkoden som vert køyrd av efiboot så treng ein ikkje ha den montert. Grub er installert i /boot/grub2/x86_64-efi hjå meg og automatisk plassert av grub-install så det er berre .efi-fila som ligg i EF00-partisjonen.
GPT har også ein kompatibilitetsmodus der ein kan laga ein MBR-partisjon ein kan installere MBR i. Den er foreslått til ca 1MB(nøyaktig 1007KiB) Derimot har eg hatt dårleg erfaring med det og brukte lang tid på å deaktivera den fordi den var standard i BIOSen min. Det er to ulike partisjonstypar for MBR-støtte: EF01 MBR partition scheme EF02 BIOS boot partition . Eg fekk til EF02, men eg vil tilrå EF00 EFI System. Eg kjenner ikkje funksjonen til EF01.
For å laga partisjonar på ein GPT-disk så er det viktig å ikkje bruke fdisk, men heller gdisk eller andre program med støtte for GPT. Det står ganske mykje om GPT og UEFI på
Arch Linux Wiki som var veldig nyttig for meg. Eg brukar gentoo, men den var veldig til hjelp likevel. Eg vil anbefala det som referanse også på andre distribusjonar.
Denne er og ganske informativ
Ved bruk av GParted så er det viktig å leggja merke til at attributt-innstillingane(flagg, eller liknande) har litt rare namn. EF00 EFI system, som er den du sannsynlegvis vil bruka, har flagget boot og er formatert som fat32. EF02 er bios_grub, trur kanskje EF01 er legacy_boot, men er litt usikker. Uansett kan eg ikkje fortellja deg noko om EF01 utan å leite fram ny informasjon om det.
For å konfigurere EFI-oppstartslastaren så kan ein frå linux køyre efibootmgr, men det krev at maskina er starta opp i EFI-modus(altså ikkje MBR/legacy-modus) og at modulen efivars er lasta. Eg vil ikkje påstå at modulen ikkje kan verta bygt inn i kjerna, men det har eg ikkje undersøkt.