Laptop oppstart problemer med fedora 18

Lurer du på om maskinvaren din er støttet, eller lurer du på hva du bør kjøpe?

Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav lmh1 » fre 15.03.2013 11:13

ISO: ftp://ftp.uninett.no/pub/linux/Fedora/releases/18/Live/x86_64/Fedora-18-x86_64-Live-Desktop.iso

SONY VAIO E14A1S1E med 16 GB ram og 500 GB samsung 840 SSD
Hei jeg har problemer med Fedora 18, og windows 8 og få satt opp UEFI boot på SONY VAIO E14A1S1E for windows. Siden jeg er litt usikker på hvordan UEFI funger om det er slik man kun har 1 bootpartisjon (Windows) på en 192 MB samt en til på 108 MB. Vet at secure boot er deaktivert. Det funger kun å installere enten windows 8 eller Fedora 18, men får ikke bootmenyen å vise begge, får heller ikke norsk språk av en eller annen grunn, vet at MD5 summen og SHA summen stemmer.

Asus V1V
Asus V1V har jeg problemer med å få kommet inn i skrivebordet. Jeg får slått på maskinen men kommer til terminal vindu, får fint oppgradert fra yum, men finner ikke kommandoene for å starte Gnome-session, samt om jeg skal slå av windows 8, funger det ikke, antakelig på grunn av bootloaderen i linux.

Så det jeg lurer på trenger jeg ftp://ftp.uninett.no/pub/linux/Fedora/releases/18/Fedora/x86_64/iso/Fedora-18-x86_64-DVD.iso istedenfor her?
medlem i 148 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav lmh1 » tir 26.03.2013 20:23

Ser ut som jeg fikk løst Asus V1V maskinen verfall.
Muligens platen ikke var helt god, MD5 og SHA1 summen stemte.

Har noen peiling på UEFI?

http://www.zdnet.com/ubuntu-linux-adopts-new-uefi-boot-problem-approach-7000004648/

Siden det ikke virker å velge standard oppsett diskpartisjon som fedora foreslår selv.

http://systemscenter.ru/waik.en/local/6 ... 3e2fdb.gif

Er det slik det skal se ut? Skal de 2 første brukes med windows eller linux?
medlem i 148 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav aNordal » søn 07.04.2013 0:14

Funker Windows 8 uten secureboot? Det er hvertfall nødvendig for å dualboote Linux. Jeg googler «"dual boot" "secure boot"» for å finne ut om noen har klart det, men blir ikke klokere.

For å svare på det siste spørsmålet ditt:
Jeg tror ingen av de 2 første partisjonene på bildet er til Windows eller Linux. Den første, «EFI System Partition», tilhører definitivt UEFI selv. UEFI er nemlig et helt operativsystem, som i teorien går an å bruke som sådant.
medlem i 187 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav QtanJ » søn 07.04.2013 16:35

Eg veit ikkje om du har løyst dette problemet eller ikkje, men for å konfigurere UEFI-boot så er det nødvendig å starte opp eit operativsystem i UEFI-modus. Enklaste måte å gjera det på er med livecd/livedvd som er aktivert for UEFI-boot i utgangspunktet. Det er fleire og fleire distribusjonar som lagar det klart. Likevel så kan ein installere oppstartslastar og laga EF00 EFI System Partition før ein startar opp i UEFI-modus. Sidan du har det frå før, så treng du ikkje laga ny, berre vita at det er på første partisjon. Det er berre efimootmgr som ikkje fungerer i MBR-modus. Det ser ikkje ut som om MBR-modus er aktuelt for deg med mindre du finn eit val i BIOS der du vel legacy eller MBR modus. Eg likar UEFI betre og trur det er det du har lyst å få til? Første partisjon i gif-fila er EF00 EFI System Partition og den er til oppstartslastaren. Nr 2 er reservert for windows dersom MSR partisjon berre har ei tyding. Tipper windows 8 fungerer på same måte som windows 7 med tanke på den partisjonen. Nr 3 er windows sin. Det finst ingen partisjon for linux endå dersom eg ikkje tek feil. Windows 7 kan forminske si eiga partisjon når den køyrer(frå kontrollpanel->administrasjon->diskbehandling). Kanskje windows 8 kan det same? GPT har støtte for 128 primærpartisjonar så det er enklare enn msdos partisjonstabell på mange måtar.

EF00 - EFI System Partition er den partisjonen der ein lagrar dei programma UEFI skal starta opp. Det skal vera mogleg å bruka ein linux-kjerne med EFI-stub aktivert, men eg vil tilrå ein oppstartslastar fram til ein forstår UEFI ganske godt. Ein trur ein kan bruka efibootmgr for å laga meny for å velje mellom windows og linux, men grub burde også fungera greitt så lenge secure boot er av. Med secure boot på skal det vera mogleg då og, berre med anna oppstartslastar, eller bruk av efiboot, men det veit eg ikkje noko om. Trur det er ganske mange hakk vanskelegare. Eg køyrer grub2 i UEFI-modus. BIOSen min hadde inkludert støtte for EFI-shell så for meg var det berre å installere grubx64.efi til EF00-partisjonen med grub-install, starte opp EFI-shell og starte grub derifrå(grub hadde installert seg riktig med konfigurasjon og greier). Det er viktig å bruke 64-bit grub på 64bit UEFI. Litt usikker på om det er mogleg å starta 32bit kjerne frå 64bit grub. Det ser ut som det er mogleg å starta 32bit linux frå 64bit grub, men då får ein ikkje konfigurert efiboot med efibootmgr. Eg har gjerne montert den EF00-partisjonen under /boot/efi, men det er valfritt kvar ein monterer den. Så lenge ein ikkje skal oppdatere oppstartslastarkoden som vert køyrd av efiboot så treng ein ikkje ha den montert. Grub er installert i /boot/grub2/x86_64-efi hjå meg og automatisk plassert av grub-install så det er berre .efi-fila som ligg i EF00-partisjonen.

GPT har også ein kompatibilitetsmodus der ein kan laga ein MBR-partisjon ein kan installere MBR i. Den er foreslått til ca 1MB(nøyaktig 1007KiB) Derimot har eg hatt dårleg erfaring med det og brukte lang tid på å deaktivera den fordi den var standard i BIOSen min. Det er to ulike partisjonstypar for MBR-støtte: EF01 MBR partition scheme EF02 BIOS boot partition . Eg fekk til EF02, men eg vil tilrå EF00 EFI System. Eg kjenner ikkje funksjonen til EF01.

For å laga partisjonar på ein GPT-disk så er det viktig å ikkje bruke fdisk, men heller gdisk eller andre program med støtte for GPT. Det står ganske mykje om GPT og UEFI på Arch Linux Wiki som var veldig nyttig for meg. Eg brukar gentoo, men den var veldig til hjelp likevel. Eg vil anbefala det som referanse også på andre distribusjonar. Denne er og ganske informativ

Ved bruk av GParted så er det viktig å leggja merke til at attributt-innstillingane(flagg, eller liknande) har litt rare namn. EF00 EFI system, som er den du sannsynlegvis vil bruka, har flagget boot og er formatert som fat32. EF02 er bios_grub, trur kanskje EF01 er legacy_boot, men er litt usikker. Uansett kan eg ikkje fortellja deg noko om EF01 utan å leite fram ny informasjon om det.

For å konfigurere EFI-oppstartslastaren så kan ein frå linux køyre efibootmgr, men det krev at maskina er starta opp i EFI-modus(altså ikkje MBR/legacy-modus) og at modulen efivars er lasta. Eg vil ikkje påstå at modulen ikkje kan verta bygt inn i kjerna, men det har eg ikkje undersøkt.
medlem i 190 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav lmh1 » man 08.04.2013 11:59

Det virket å bruke rEFInd. Problemet der, er at jeg må ha en CD i maskinen kontunelig for å kunne starte windows 8.

Så har noen tips på hvordan man installerer rEFInd eller lingdene som en del av linux partisjon? /boot eller lingdene?
medlem i 148 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav QtanJ » man 08.04.2013 17:08

Det er nokre ting eg lurer på:

1. Kva .efi-filar har du på EF00-partisjonen din(EFI System) ? Monter den. Du skildra den som sdX1 i biletfila di. Det er veldig kult dersom du finn noko som kan minne om "efi/Microsoft/Boot/bootmgfw.efi" som undermappe til mappa du har montert EF00-partisjonen. Det kan vera store bokstavar andre stader enn der eg har skrive, evt noko anna stig/filnamn. Det kan og vera at det er Sony og ikkje Microsoft som er vendor, det veit eg ikkje.
2. Kva får du opp når du skriv kommandoen efibootmgr? Dersom kommandoen ber deg om efivars så prøv å lasta den modulen og prøv igjen. Kanskje det finst eit deaktivert oppslag for windows her?

Eg kan starta alle oppslag som er lagt til med efibootmgr ved å velje oppstartsalternativ i BIOS. Har du lyst å bruka BIOS-funksjonalitet som oppstartslastar slik at det er ein standard og du går inn i BIOS for å overstyre? Kva oppstartslastar brukar du i dag frå harddisken? Grub? Shim? Ser det ut som om linux startar utan oppstartslastar? Eg kjenner ikkje andre enn grub, EFIshell og litt UEFI-boot generelt i dag for UEFI, men virtualbox har delvis støtte for EFI så eg kan enkelt eksperimentera med litt av kvart.
medlem i 190 måneder
 

Re: Laptop oppstart problemer med fedora 18

Innleggav QtanJ » ons 10.04.2013 20:06

Med efibootmgr kan ein leggja til nye oppslag ca slik
Kode: Merk alt
efibootmgr -c -g -d /dev/sda -p 1 -w -L "EFISHELL" -l '\shellx64.efi'


Her er døme dersom ein skal installere EFI-shell og legg den direkte i EF00-partisjonen
    -c tyder at ein skal laga nytt oppslag
    -g tyder at partisjonstabellen er gpt. GPT er obligatorisk for windows 8 i UEFI-modus. Linux kan starta frå gpt i biosmodus og frå msdos i UEFI-modus. Dvs for å få UEFI til å finna linux må ein ha ein oppstartslastar i GPT-trur eg. Både linux og grub fungerer uavhengig av gpt/msdos
    -d tyder kva disk ein skal bruka. Det er mogleg å bruka å skriva inn disk på ein annan måte, men det er eg usikker på korleis eg gjer. Eg har tydelegvis gjort det ut frå dømet mitt under
    -p tyder kva partisjon ein skal bruka
    -w står for "write unique sig to MBR if needed", eg kan ikkje UEFI godt nok til å forstå kvifor den står i dømet mitt. Eg fann det på Internett og det fungerer.
    -L "Namn" er noko du skal forstå og forholde deg til. Trur det er lov med mellomrom også. T.d. "Windows8", "Fedora", "Linux" eller "grub".
    -l "Stig til efi-fil skriven på dos/windows-måte. Ikkje skriv stasjon her. Det tek --disk(-d) og --part (-p) seg av

Når eg har lagt til dømet mitt over får eg opp dette.
# efibootmgr -v
BootCurrent: 0000
Timeout: 10 seconds
BootOrder: 0001,0000
Boot0000* grub ACPI(a0341d0,0)PCI(1f,2)03120a000100ffff0000HD(3,c864800,104000,e221f94d-9672-4d78-bdd4-9069d77ce130)File(\EFI\gentoo\grubx64.efi)
Boot0001* EFISHELL HD(3,c864800,104000,e221f94d-9672-4d78-bdd4-9069d77ce130)File(\shellx64.efi)

Eg startar EFISHELL automatisk, har starta opp grub, har 10 sekund timeout(som eg ikkje merker noko skilnad på om er 0 eller 10) også har eg to oppstartsalternativ. Det eine peikar på grub. Det andre peikar på EFI-shell som er installert feil stad dersom eg skal følgje spesifikasjonen. Begge oppslaga fungerer. Ein kan sjå at harddisken er referert til på ein annan måte i grub-oppslaget, enn i EFISHELL oppslaget. Ein kan anten leggje til det oppslaget ein vil skal vera standard sist, eller endre prioritet etterpå. Deretter kan ein starta opp ønska system frå BIOS. Kanskje nokre BIOSar gjev deg ein meny med timeout.


Berre spør dersom dette er vanskeleg.
medlem i 190 måneder
 


Returner til Maskinvare / Drivere / Xorg



Hvem er i Forumene

Registrerte brukere: Lord_Linus