Java trøbbel

Annen programvare du prøver å kjøre under Linux, inklusive WINE

Java trøbbel

Innleggav aaadra » søn 03.10.2004 16:12

Kvifor må javapakkane lagast som nokre jæv.."#& kinesiske øskjer som det ikke er råd å få på plass på ein enkel måte?

Eg har no fått dei installert til "/usr/java/jre1.5.0" på Mandrake, etter mykje styr, men det er visst ikkje noko som responderer på at dei ligg der.

Eg var innom fleire sider og leita etter instruksjonar, og har hovudsakeleg bruka denne:

http://www.goland.org/Tech/Installing_J ... ke_9_1.htm

Eg reknar med at det er punkt 3 som har svikta.....kanskje kommandoane er litt utdaterte? Fekk ingen feilmeldingar, men det skjedde liksom ikkje noko.

Nokon som veit korleis ein loggar inn som "root" via terminalen, forresten. Eg sette ikkje opp noko passord under installasjon av Mandrake, så eg har altså ikkje noko. Når eg skriv "login root" i terminal, kjem det altså førespurnad om passord. Finst det eit default passord? Eg logga av og på som root i staden då eg skulle pakke ut filene, og det går vel for det same....?

Prøvde å installere Acrobat reader og, men eg har ikkje fått dette til å køyre heller, utan at eg har granska problemet så mykje....men programmet er pakka ut til: /home/*user*/.Acrobat5/

Kvifor skal det være så umogleg å få saker til å gli, spesielt når det gjelder ting som alle bare må ha.....?

Byrjar eg lengte litt etter Windows, tru...?

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 

Innleggav minno » søn 03.10.2004 20:14

1. Last ned Java J2RE RPM`en (vet ikke helt hvorfor de anbefaler J2SE på den siden).
2. Dobbeltklikk på den.
3. Skriv inn passord til root.
4 Trykk Ok to ganger.

Da er Java installert. Trenger ikke restart heller.
Om du ikke vet passordet til root har du nok bæsja litt på leggen. Dette oppgir du under installasjon.

Erfaren
Brukerens avatar
medlem i 236 måneder
 

endre root passord

Innleggav ak » søn 03.10.2004 20:57

Som minno er inne på så bør du alltid ha root passord satt til noe relativt vanskelig å gjette.

Du kan lett logge inn som root, ta opp et terminal vindu og skrive
passwd

så har du mulighet til å endre på dette :)

Administrator
Brukerens avatar
medlem i 236 måneder
 

Innleggav aaadra » man 04.10.2004 0:55

Vel, eg byrja på han igjen. Lasta ned nyaste java, jre-1_5_0-linux-i586-rpm.bin. Det var denne eg lasta ned i utgangspunktet, men eg merka at det hadde vore ei feilmelding under nedlastinga, så eg byrja like godt frå byrjinga.

For å få fram rpm-fila, måtte eg pakke ut frå bin-fila med komandoen: "sh /home/aaad/Programpakkar/jre-1_5_0-linux-i586-rpm.bin".

Eg fann så den utpakka rpm-en, og denne gongen tok eg altså snarvegen og dobbelklikka for å starte installasjonen. Eg måtte ganske riktig ut med root-passord.Resultatet vart det same som med meir manuelle metodar; filene la seg fint på plass i mappa: "/usr/java/jre1.5.0".

Men....det er framleis ikkje så mykje sus over javaen. Eg har surfa på nokre java-sider både med Opera og Mozilla, utan at ting verkar vere i orden. I Opera står framleis at java ikkje er installert. (Eg har prøvd aktivere i instillingane for Opera)

Eg hadde ikkje gløymt passordeet forresten, eg hadde unnlete å oppgje passord under installasjon. Verda byrjar bli litt for full av passord! Eg hadde likevel tilgang til root både med pålogging og via teminal med komandoen "su". Eg trengde berre ikkje skrive noko passord. No har eg altså likevel lagt inn eit,, slik det vart forklart over.

Vel, eg fekk iallfall orden på Acrobat reader. Eg fann tak i ein standard rpm av v508 i staden for den meir kryptiske v509 frå Adobe-sida.

Eg trur eg skulle kunna ha straumlinjeforma 4-5 Windows-installasjonar på den tida eg har brukt på finne ut av div smådetaljar. Ganske frustrerande.....

Er det nokon som har tru på at eg greier sette mobiltelefonen opp som modem. Går eg inn på instillingane for bluetooth, vert mobilen gjenkjent som Nokia 6310i, men ikkje veit eg korleis egskal få han på nett? Eg brukar ein USB bluetooth-adapter.

IR-kommunikasjon har eg integrert på maskina, men her er ikkje noko respons. Skulle det ikkje vere støtte for slikt? Eg las ein stad at Mandrake gav god støtte for bærbare, og det var ein av grunnane til at valet fall på denne distribusjonen, i tillegg til at han er tilrettelagt for nynorsk. Der har han iallfall ikkje skuffa.......

Arne D
småfrustrert

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 

Innleggav ak » man 04.10.2004 1:06

Kan noen med Mandrake erfaring forklare aaadra hvordan man får opp et GUI for Mandrake sitt pakke-system?

Java har lenge vært noe herk å installere, men Acrobat bør finnes som en Mandrake pakke og dermed være et dobbeklikk unna. Ellers finnes og Gnome PDF eller XPDF, som jeg ihvertfall foretrekker over Acrobat.

På Linux unngår man som regel å installere programmer direkte fra produsenten. Istedet venter man på at folkene som lager ens distribusjon lager en pakke, og denne pakken inneholder også konfigurasjon og legger filene på riktig sted automatisk.

Av ca 190 pakker på denne maskinen har jeg bare installert to programmer manuelt: Mathematica og NeverWinterNights.

Administrator
Brukerens avatar
medlem i 236 måneder
 

Innleggav aaadra » man 04.10.2004 12:21

Gildt at de bryr de bryr dykk litt om ein utålmodig ny linux-brukar, sjølv om det blir litt surmuling av og til :O)

For protokollen kan nemnast at eg er prinsippiell motstandar av monopolkapitalen, og har sett på Windows som eit nødvendig onde. Eg har faktisk aldri bruka eit einaste microsoft-program på maskina mi utanom Windows, først og fremst fordi alternative programvareutviklarar lagar betre program, berre litt synd at dei først og fremst lagar dei for windowsplatform. Prinsippet bak Linux og opne kjeldekodar har alltid tiltala meg.

Denne tråden byrjar skli litt ut i forhold til emnet han skiltar med, så eg tenkte det passa betre å fortsetje i den førre tråden eg skreiv: http://www.linux1.no/index.php?name=PNp ... &p=616#616
--------
Hadde jo likevel vore takksam om ein mandrakebrukar kunne fortelje meg kva eg må gjere for å få javaen opp og gå då........

Helsing Arne D

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 

Innleggav aaadra » man 04.10.2004 16:08

Då ser det ut til at eg langt på veg har fått ei løysing på javaproblema. Løysinga er ofte så enkel at ein ikkje får auge på ho.

Den nyaste javaen blir pakka ut i ei eiga mappe, /usr/java/jre1.5.0, mens tidlegare versjonar vart pakka ut direkte i /usr/java. Då eg klypte ut filene og flytta dei eitt nivå opp, byrja ting å skje, iallfall virkar det i Opera. Det virka ikkje i Mozilla, men det ordnar seg kanskje etter ein reboot?

:O)

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 

Innleggav aaadra » man 04.10.2004 17:13

Då vart det sving på Mozilla og, måtte berre fortelje han kor han fann sysakene. Det gjorde eg med desse kommandoane i terminalvindauget:

[root@localhost aaad]# ln -s /usr/java/plugin/i386/ns7/libjavaplugin_oji.so /usr/lib/mozilla-1.7.2/plugins/libjavaplugin_oji.so

For andre brukarar som ikkje har sløyfa underkatalogen under java, skulle det bli slik:

[root@localhost aaad]# ln -s /usr/java/jre1.5.0/plugin/i386/ns7/libjavaplugin_oji.so /usr/lib/mozilla-1.7.2/plugins/libjavaplugin_oji.so

Eg plar bruke Mozilla av og til, for av ein eller annan grunn er det nokre få java applets som Opera ikkje fiksar....

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 

Innleggav ak » man 04.10.2004 17:30

ln -s og greier, du har en bra lærings-kurve må jeg si :)

Administrator
Brukerens avatar
medlem i 236 måneder
 

Innleggav aaadra » man 04.10.2004 18:02

Læringskurve? Vel, det er berre å surfe litt...klyppe...kopiere...lime...rote litt i eigne katalogar...og foreta dei nødvendige justeringar...og vips, så skjer ting...reine magien!

Elles er det jo med dataproblem som med andre problem; ein lærer ein del av det :D

Eg trur eg held meg inne her i lag med ferskingane ei stund til :mrgreen:

Brukerens avatar
medlem i 234 måneder
 


Returner til Annen programvare / Spill



Hvem er i Forumene

Registrerte brukere: Google [Bot]