Å finna ut kva skjermkort du har burde ikkje vera noko problem.
- Kode: Merk alt
sudo lspci
Kommandoen over skal gje deg svar på det. Derimot trur eg ikkje skjermkortet er problemet dersom du har feil oppløsning, eller ikkje kan endra til riktigare oppløsning.
Dersom du seier kva skjerm du har med både type, og produktnummer, burde det vera ein enkel sak å laga modline(og/eller vertical sync, horizontal sync, storleik på skjerm i mm, dpi, osb.) til skjermen i xorg.conf. Dersom maskina veit kva skjermen støtter, pleier det å dukke opp i xrandr. Har du VGA-skjerm? VGA-skjermar har av og til problem med å identifisera seg sjølv automatisk. I allefall er det mi erfaring med VGA-skjermen min.