Qt er tilgjengeleg under to frie lisensar(LGPL, GPL). Med Qt4.7 vil det vera mogleg å programmere Symbian/Maemo/MeeGo med denne teknologien. Nokia N97 mini(symbian) kostar om lag 1500kr. Stort billegare trur eg ikkje du får det, men det er enkelt å få eit betre produkt(t.d. N900) om ein vil betala meir.
QML har
støtta Maemo 5 sidan desember. Derimot er det ein forsmak, ikkje endeleg versjon.
QtLabs har fleire videoar. Eg har ikkje lest så veldig mykje der, men det eg har lest er svært interessant.
Det eg ser mest fram til er derimot fleire av dei nye
Qt-APIene. Dei vil gjera det enklare å utvikle for mobil generelt og ikkje berre for eit system.Eg er også spent på om dei klarer å erstatta qmake med noka betre.
Declarative UI er nok ein grunn til å glede seg til Qt4.7. Qt vert berre betre og betre.