OpenTTD på OS X-diskusjonen er faktisk noko som har interesserer meg. I diskusjonen på OpenTTD forumet står vel dei viktigaste grunnane. Eg skal prøve å gje ein oppsummering her.
OS X 10.3, 10.4, 10.5 og 10.6 er så ulike at det er vanskeleg å støtte systemet utan å ha nokon som kan vedlikehalda for dei ulike systema. Det er faktisk dei to siste som byr på flest problem. Ingen av desse versjonane har like mange funksjonar som OpenTTD for Linux, BSD, Windows eller andre støtta system.
Bygg sjølvUstøtta versjon for 10.5Tråd for diskusjon kring OSX-støtte. Inkluderer grunnar for manglande OSX-versjon, ustøtta osx-versjonar frå ulike personar og andre ting som kan vera interessant.
At OS X byggjer på UNIX er uvesentleg sidan UNIX-standarden ikkje spesifiserer GUI, og Apple har ein tendens til å flytte programbibliotek frå ein versjon til ein annan. Dei gjer det også vanskeleg å utvikla både for Mac frå andre operativsystem og for å utvikle ein versjon som støtter fleire OS X-versjonar. At det ikkje vert støtta betyr ikkje at det ikkje vil vera mogleg å spela på mac framover, men at dei ikkje kan garantera at feilrapportane vert fiksa fortare enn det dukkar opp nye. Det var to kandiatar som sa seg villig til å sjå på problemet, men om dei gjer noko no, veit eg ikkje.
*Eg meiner ikkje å seia at Mac OS X er dårleg, men berre at det er for tidkrevjande for utviklarar som i utgangspunktet ikkje er interessert i systemet.