Nei, det betyr at nettlesaren må venta på timeout sidan han prøver ipv6 før han prøver ipv4. Dersom maskina har ipv6-tilgang til Internett er ikkje dette noka problem. Er det nokon som veit om det hadde vore mogleg å prøva begge samtidig?
Dersom ipv6 bruker lenger tid er det ikkje merkbart for vanlege brukarar som bruker nettlesarar og epost. Medan bytet pågår er det derimot ganske store ulemper. Det er kostnader ved å tilby både ipv4 og ipv6. Når alle får permanent ipv6-adresse treng ein ikkje NAT. NAT forsinkar meir enn det ipv6 vil gjera i forhold til ipv4.
Dersom ein opprettar ein tunnel for å oppnå ipv6-støtte er det framleis heilt greitt for nettsurfing(dvs, det er ikkje alle sider som har ipv6-støtte enda).
Sixxs tilbyr ipv6 over ipv4 som også fungerer for dei med dynamisk ip. Det finst andre ipv6-leverandørar der ute, men dei fekk eg ikkje til å fungera då eg sette opp tunnelen i 2007.