Mplayer lagrar ein yuv-straum som ivfenc forstår. -ao null kastar bort lyden og -nosound hindrar mplayer i å spela av lyden. -vo yuv4mpeg lagrar ein yuv-straum av fila, som ivfenc forstår. $input var enkelt og greitt manglande fantasi.
Dei andre alternativa, som eg trur du er interessert i, har eg ikkje så mykje erfaring med, men eg har kopiert
herifrå. Sidan det var link som vart kalla "Example Encode Parameters" frå sida eg viste til kl 9:47 gløymde eg å visa til kjelda i forrige innlegg.
Eg har koda om ein litan filmsnutt til vp8, men eg har ikkje installert noka program som kan spela av filmsnutten enda. Dessutan brukte eg ein filmsnutt i dårleg kvalitet som utgangspunkt.
ffplay burde takla avspeling dersom ein har installert patcha ffmpeg. Eg installerer vel det i løpet av kort tid. Derimot er det noka eg gjer sjølv og manuelt for å hindra problem med mplayer og fleire program som er avhengige av ffmpeg.
EDIT: >=VLC-1.1.0-rc1 er også ok til avspeling når eg tenkjer på tråd eg skriv i.
EDIT2: Eg får ikkje bygt ffmpeg med vp8-støtte. Kanskje det er eit problem med ffmpeg og sys-devel/gcc-4.4.3, eller overgangen 4.3.4 -> 4.4.3. Får prøva på nytt seinare. Eg kan eventuelt prøva VLC.