MacPro 1.1 har 32bit EFI. Både rEFInd og rEFIt har støtte for 32 bit.
rEFInd og rEFIt er boot managers* og fungerer ikkje utan 32-bit boot loader**.
rEFInd er under aktiv utvikling, rEFIt er død. Siste versjon av rEFIt kom i 2010. Siste versjon av rEFInd kom 24 april 2013. rEFInd har betre støtte for mange operativsystem og betre automatisk oppdaging av boot loaders. rEFInd har støtte for EFIstub som gjer at du kan starte linux utan anna boot loader mellom. Linux treng boot loader, men ein kan bruka EFI-stub som boot loader dersom ein brukar rEFInd.
Begge støtter installasjon frå både Mac OS X og linux.
Eg brukar 64-bit moderne UEFI 2.x og har ingen erfaring med 32-bit mac-efi, men ut frå det som står
her og
her vil eg tru at rEFInd har alle fordelene til rEFIt, pluss ein del fleire. Dersom du finn ein tutorial der ein installerer rEFInd frå OS X, tenkjer eg det burde vera trygt. Eg veit om eit linuxprogram som er direkte farleg å bruka.
* boot loader = det som startar operativsystemet. Alle operativsystem som støtter xEFI har ein oppstartslastar.
**boot manager = meny der ein kan velje mellom ulike operativsystem.
PS: Eg skriv boot loader i staden for oppstartslastar og boot manager i staden for oppstartshandterar fordi det er forskjell på dei og eg er usikker på om det er forståeleg kva som er kva når eg omset det til norsk.