av QtanJ » fre 17.05.2013 0:52
Dukker disken opp som /dev/sdx der x er a, b, c, d, e, eller tilsvarande?
Det står /dev/sda oppe til høgre i gparted. Prøv å trykkje der for å velje kva disk du har lyst å jobbe med. Dersom du har norsk(bokmål) språk kan du gå inn på "Vis" -> "Informasjon om enhet" for å sjå informasjon om modellnummer. Det kan vera nyttig for å stadfeste at det er riktig disk. På engelsk er tilsvarande "View" ->"Device Information" og på norsk(nynorsk): "Syn" -> "Einingsopplysningar".
Dersom den ikkje dukkar opp der så kan det vera at drivaren for SSD-disken ikkje er lasta. Det kan vera lurt å køyra ein systemoppdatering for å sjå om ein oppdatering kan fikse problemet. Dersom ikkje kan det fungerer vil eg gjerne vite kva for ein SSD-disk du har, og kva SATA-kontroller den ligg på. Dersom du kan fortelje modellnummeret på SSD-en og hovudkort så kan eg sannsynlegvis finna ut om linux 3.5 støtter disken, evt hovudkortet, eller evt kva versjon/konfigurasjon du treng.