Eg har Mandriva 2010, Wine 1.1.39 (henta frå vanleg pakkebrønn) og brukar eit noteskriveprogram som heiter Finale 2008. Det lagar filer med suffikset .MUS.
Eg kan bla meg fram til fila Finale.exe og klikke på den, og programmet startar. Men det treng eg ikkje, eg fekk start-ikon på skrivebordet då eg installerte. Men dessutan kan eg klikka på fila_mi.MUS, og programmet og fila sprett opp
Slik har det ikkje vore før. Kanskje Wine er blitt flinkare i nyare versjonar?
PS: Alt er ikkje berre jubel, eg har litt fikling att før eg får midilyd til å fungere stabilt ..